Forfatterarkiv: Liv Sølvi Valde

KULTURHISTORISK VANDRING I RØDVEN

Søndag 22. august kl. 15.00.  Omvisar er Per Arne Skomsø. Arrangør Rauma Historielag.

  1. Parkering og start ved Laberget.
  2. Der høyrer vi om gammal treindustri.
  3. Etter 470 steg er vi på Stangenesodden.
  4. Der høyrer vi om bronsealderrøysene der.
  5. Så går vi 100 steg til Stangenestunet.
  6. Der høyrer vi om dampskipskaia, posthuset, Stangenesmotoren og presteskyssen som kollsegla på Rødvenfjorden.
  7. 620 steg seinare er vi på Ottestad.
  8. Der høyrer vi om prestegarden før reformasjonen.
  9. Den siste etappen går til Kalkomnen. Dit tek det 580 steg å komme.
  10. Der høyrer vi sjølvsagt om historia til kalkomnen.
  11. Så går vi tilbake til bilane. Returen brukar vi 1950 steg på.
  12. Siste stopp er på ungdomshuset Breidablikk. Dit køyrer vi med bil, antal steg er ikkje skritta opp. Til saman har vi gått 4120 steg denne søndagen.
  13. På Breidablikk kan vi få kjøpt kaffe og kaker av Rødven ungdomslag.