Om

Rauma historielag

post@raumahistorielag.no

http://www.raumahistorelag.no
Kontonummer: 3910.33.68719
Organisasjonsnr: 992 552 301

Rauma historielag blei stifta 20.02.2008 etter at eit interimstyre blei satt ned i oktober 2007. Bakgrunnen var mellom anna eit vedtak frå Rauma kommunestyre (Kulturplanen) om at det burde stiftast eit felles historielag for Rauma kommune, 43 år etter at kommunen blei oppretta.

Tidlegare leiarar
2008 – 2011:  Per Arne Skomsø                                            
2011 – 2012 : Eirik Hoem
2012 – 2013:  Ståle Gyldenås
2013 – 2014:   Ågot Alnes Orvik
2014 – 2015:   Liv Jorunn Bårdsnes Horgheim
2015 – 2021:   Arne Steffen Lillehagen
2021-          :    Per Arne Skomsø      

Vi arbeider med å dokumentere lokalhistorien i Rauma kommune. Kvart år gir vi ut «Årbok for Rauma» med artikler fra lokalhistoria i Rauma. Historielaget har hittil gitt ut årbøker kvart år sidan 2008.

Vi arrangerer også foredrag og andre aktivitetar.

Rauma historielag er medlem av Landslaget for lokalhistorie
Rauma er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Kommunesenteret er Åndalsnes. Andre bygder i kommunen er Vågstranda, Måndalen, Innfjorden, Veblungsnes, Verma, Isfjorden, Eidsbygda, Marstein, Rødven, Åfarnes, og Mittet. Kommunen ligger ved Romsdalsfjorden og Romsdalen.

Vi set stor pris på om du tek kontakt med oss. Kanskje du har noko å fortelje som kan bli til ein artikkel i årboka? Kjenner du nokre menneske som har spanande ting å fortelle? Eller kanskje du har eit gammelt fotografi vi kan låne?

Ta kontakt med oss!

Legg igjen en kommentar