Kulturminnedagen 2011 i Rauma

HorgheimTema for den nasjonale kulturminnedagen er i år “Skjulte skattar. Spor i landskapet.”

Rauma historielag inviterer til ei vandring i det gamle gravfeltet på Horgheimseidet.

Horgheimseidet har eit stort gravfelt frå jernalderen og det var utgravingar der seinast våren 2011. Arkeolog Kristoffer Dahle orienterer om gravfeltet og funna som er gjort.

Gravfeltet ligg like ved turiststoppeplassen under Trollveggen.

 

 

 

Tidspunkt: Søndag 11. september kl 15.00

Stad: Jernbanestasjonen på Horgheimseidet. (Gamle Romsdalshorn stasjon)

Program:

 

Velkomst

Vandring i gravfeltet. Orientering ved arkeolog Kristoffer Dahle (eventuelt innendørs i dårleg ver)

Ved stasjonen blir det kaffesal og servering av godsaler. Rauma Spelemannslag spelar.

 

GRATIS