Vedtekter

VEDTEKTER FOR RAUMA HISTORIELAG

Vedtatt på styremøte 20.02.2008. Revidert på årsmøtet 22.03.2012 og 11.03.2015

§ 1       Formål
Laget har til formål å synleggjere og dokumentere eldre kultur og levevis i Rauma, og arbeide for å knyte band mellom fortid og notid.

§ 2       Medlemskap
Medlemmer er alle som betalar årskontingenten som til kvar tid er fastsett av årsmøtet. Det er to typar medlemskap: Ordinært medlemskap og familiemedlemskap. Som ordinært medlem får ein fritt tilsendt eitt eksemplar av årboka. Familiemedlemskap kan teiknast av personar i ein husstand som har eit ordinært medlem. Familiemedlemskap gir ikkje rett på årbok. Medlemskap opphører ved manglende betaling av kontingent etter purring.

§ 3       Skrifter
Kvart år gir laget ut Årbok for Rauma. Årboka blir sendt til dei medlemmene som har betalt kontingenten for dette året. Laget kan også gi ut andre publikasjonar.

§ 4       Styret
Eit styre på fem medlemmer blir valt på årsmøtet. Leiaren blir vald ved særskilt val for eitt år. Dei andre blir valde for to år, såleis at to går ut skiftevis. Styret vel nestleiar, skrivar og kasserar. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og minst to andre styremedlemmer er til stades. Leiaren bind laget økonomisk med si underskrift.

§ 5       Skriftnemnda
Rauma historielag gir ut ei årbok kvart år. Dette arbeidet blir styrt av ei skriftnemd. Medlemmene i nemnda blir valt av årsmøtet. Skriftnemnda har det redaksjonelle ansvaret for årboka. Leiaren møter fast i styret og har møte- og talerett. Nemnda sjølv vel leiaren av skriftnemnda. Leiar er samstundes redaktør av årboka.

§ 6       Årsmøte
Årsmøtet skal haldast innan 1. april kvart år, og innkallinga skal vere minst 2 veker før. Årsmøtet skal behandle desse sakene:

  1. Styret sitt framlegg til årsmelding.
  2. Revidert rekneskap
  3. Styret sitt framlegg til arbeidsprogram og budsjett
  4. Fastsetting av årskontingenten for neste kalenderår
  5. Eventuelt innkomne saker. Desse må vere styret i hende innan 1. februar.
  6. Val:
    1. Leiar – for eitt år
    2. To styremedlemmer – for to år
    3. Tre varamedlemmer til styret – for eitt år
    4. Revisor – for eitt år
    5. Skriftnemd på minimum fem medlemmer
    6. Valkomité på tre medlemmer – for eitt år

Stemmerett på årsmøtet har alle som har betalt årskontingenten før møtet. Årsmøtet sjølv avgjer om nokon kan stemme med fullmakt.

§ 7       Endring av vedtektene
Framlegg til vedtektsendring må vere styret i hende innan 1. februar, og må på årsmøtet ha eit fleirtal på 2/3 av dei frammøtte for å bli vedtatt.

§ 8       Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret gjer vedtak om det, eller minst 1/3 av medlemmene krev det. For innkalling og møtevarsel gjeld reglane som for ordinært årsmøte. Ekstraordinært årsmøte kan berre ta opp saker som er kunngjorde i innkallinga.

§ 9       Oppløysing
Laget kan løysast opp når to årsmøte på rad har gjort vedtak om det med 2/3 fleirtal. Ved oppløysing, eller etter 3 år utan årsmøter, vil eventuelle aktiva tilfalle Rauma Folkebibliotek.

Legg igjen en kommentar